Artikkel

UiO-stipendiat vann formidlingskonkurranse

UiO-stipendiat vann formidlingskonkurranse

Halvor Høen Hval (t.v.), Øystein Ulleberg
Halvor Høen Hval sammen med MoZEES-direktør Øystein Ulleberg. Foto: UiO

Batteriforskar Halvor Høen Hval gjekk til topps då forskarar skulle presentere forskinga si på tre minutt.

Tre doktorgradsstipendiatar frå Universitetet i Oslo var med og konkurrerte om beste presentasjon under formidlingskonkurransen på Energiforskningskonferansen 2019. På tre minutt skulle deltakarane presentere nokså kompliserte tema.

– Eg er stolt og glad. Dei andre bidraga var veldig gode, seier Halvor Høen Hval, som tar doktorgraden ved Kjemisk institutt.

Hval vart nyleg pappa. Ein del av permisjonen har blitt brukt til å øve, ofte med sonen på skuldra.

– Han syntest det var veldig kjedeleg, for han sovna nesten kvar gong. Det var bra at publikum ikkje gjorde det same!

Vil lage betre batteri

Hval prøver å utvikle meir energirike batteri som samtidig er sikre. Han konsentrerer seg om den positive elektroden, pluss-sida på batteriet, og ser på berekraftige høgspenningsmaterial. Dette er material det finst mykje av, i motsetnad til for eksempel kobolt, som har blitt sterkt kritisert.  

– For å frigjere litium-ion og få energi, treng vi høg spenning. Men då kan vi også få uønskt gassproduksjon og eksplosjonsfare, forklarer han. 

Målet hans er å komme nærare eit materiale der gassproduksjonen i batteriet er minimal, sjølv ved høg spenning.

– På sikt kan resultata kanskje brukast til å elektrifisere tungtransport og båtar i langt større grad enn i dag. Dette vil gje ein enorm klimagevinst. 

I presentasjonen la han vekt på kvifor han jobbar med nettopp dette.

– Eg er ikkje så bekymra for verda sonen min skal vekse opp i, men eg er bekymra for verda han skal bli gamal i. Det å gjere store batteri betre og trygge, er min måte å gjere verda til ein grønare stad.

To til frå UiO var med

Det er Norges forskningsråd som arrangerer Energikonferansen, og dei hadde plukka ut fem deltakarar frå ialt ti stipendiatar som hadde sendt inn videopresentasjonar.

Frå Universitetet i Oslo deltok også Ragnhild Dahl Wikstrøm frå Institutt for sosiologi og Marie Byskov Lindberg ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur.

Les heile saka  på UiO:Energi sine sider.

Er du interessert i forskingsnyheiter om realfag og teknologi: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt