Artikkel
Livsvitskap: Dating på tvers av fag har gitt åtte nye forskingsmiljø
Livsvitskap: Dating på tvers av fag har gitt åtte nye forskingsmiljø
Diabetes, organdonasjon, bevisstheit, immunsystemet, bevis i valdtektssaker, mentale lidingar, medisinplantar og kreft. Dette er samfunnsutfordringar som skal undersøkast i tverrfaglege forskingsgrupper innan livsvitskap ved UiO.
UiO:Livsvitenskap skal finansiere åtte nye konvergensmiljø i perioden 2019–2023.
Dei tverrfaglege forskingsgruppene skal løyse store samfunnsutfordringar med metodar frå biologi, farmasi, filosofi, fysikk, genetikk, informatikk, jus, kulturhistorie, matematikk, medisin, musikkvitskap, naturhistorie, odontologi, psykologi, språkvitskap og teologi.
– Vi er sikre på at denne tverrfaglege tilnærminga vil bidra til ny innsikt, nye løysingar og på lang sikt auka verdiskaping, seier direktør for UiO:Livsvitenskap Carl Henrik Gørbitz.
Får 100 millionar kroner
De åtte konvergensmiljøa får til saman 29 stipendiat- og postdoktorstillingar samt driftsmiddel – til saman rundt 100 millionar kroner over fire år.
Stillingane er knytta til vertseiningar over heile UiO.
– Eg er svært nøgd med at så mange fakultet og einingar er med i dei nye konvergensmiljøa. Tverrfagleg samarbeid mellom medisin, naturvitskap, humaniora og samfunnsvitskap skjer ikkje av seg sjølv over natta. Det krev merksemd over lang tid for at vi skal få det til. Dette er enda eit steg i riktig retning. Innan det nye livsvitskapsbygget ved UiO står klart i 2024, er eg sikker på vi er der vi vil vere, seier Gørbitz.
Søknadsprosess over eitt år
Søknadsprosessen starta med informasjonsmøter i mai, der forskarane vart oppfordra til å registrere profilar og idear på nett og seinare møttes for speed-dating på tvers av fagdisiplinar.
Direktøren ga tilbakemeldingar på dei 41 prosjektskissene som kom inn. Til slutt vart dei 36 søknadene som kom inn, vurdert av internasjonale fagekspertar og så eit internasjonalt panel, før styret for UiO:Livsvitenskap fatta endeleg vedtak i no mars.
Dette er dei åtte miljøa:
Artificial Biomimetic systems – the Niche of Islet Organoids (ABINO) vil vidareutvikle modellar for diabetesforsking ved hjelp av nye strategiar for modning av stamceller.
Availability and function of donor organs: Debating the dead donor rule (DDR) vil auke tilgangen og funksjonen til donororgan til transplantasjon, samt skape merksemd og debatt i samfunnet om etiske spørsmål ved bruk av donasjon etter sirkulatorisk død.
Consciousness and brain states: neuroscience studies and conceptual innovation (ConsciousBrainConcepts) vil vidareutvikle bevisstheitskonseptet for å løyse grunnleggande problemstillingar i bevisstheitsforsking.
Linguistics-driven machine learning to decipher the molecular language of immunity (ImmunoLingo) vil forstå korleis sjukdom og gjenkjenning av antigen er koda i immunsystemet og utføre datasimuleringar for å få ny kunnskap som kan brukast til å førebygge og behandle sjukdom hos menneske.
Medical, legal and lay understandings of physical evidence in rape cases (Evidently Rape) vil undersøke kva betyding fysiske bevis har – og kan ha – for korleis valdtekter blir behandla av medisinske og rettslege organ.
MultiModal Mental Models: converging approaches from genomes to mental illness and interplay with psychosocial stressors (4MENT) vil forstå årsakar og sjukdomsmekanisme for fleire mentale lidingar med fokus på schizofreni, bipolare lidingar og liknande mentale tilstandar.
Protons contra cancer (PROCCA) vil lage ein framifrå plattform for samarbeid innan protonterapi i Oslo og blant anna sjå korleis ein kan redusere kortsiktige og langsiktige biologiske biverknader av strålebehandling.
Rediscovery of medicinal plant usage in the “Age of Exploration”: From cultural historical heritage to innovative pharmaceuticals (REA:Life) vil avdekke prosessane som har forma den sosiale og kulturelle utviklinga av medisin og identifisere bioaktive stoff i historiske medisinplanter ved hjelp av moderne analysemetodar.
Les meir om de ulike prosjekta her
Er du interessert i forskingsyheiter om livsvitskap, teknologi og realfag: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt
Kategorier
Aktuelt
Mest lest siste syv dager
Feil!
Forespørsel om mest lest returnerte en feilmelding.
Nyheter fra andre
Denne teknologien lar deg oppleve arkitektur som ikke finnes