Artikkel
Ny rapport viser stadig oppvarming av Svalbard
Ny rapport viser stadig oppvarming av Svalbard
Ein ny rapport frå Norsk klimaservicesenter der forskarar frå Institutt for geofag har bidratt, viser at øygruppa Svalbard vert varma opp. Fortset dei høge globale utsleppa av klimagassar, kan gjennomsnittstemperaturen gå frå 8-9 minusgrader til 1-2 plussgrader. Det har innverknad på kryosfæren.
Rapporten Climate in Svalbard 2100 – a knowledge base for climate adaptation vart nyleg presentert på eit folkemøte i Longyearbyen, Svalbard den 4. februar 2019.
Kryosfæren varmes opp
Forskarar bak rapporten er fleire, herunder to frå Institutt for geofag. Thomas Vikhamar Schuler har utarbeida modelleringar av klimaprojeksjonar på isbrear, og kollega Sebastian Westermann har gjort modelleringar av tinande permafrost.
Svalbard er utsatt for klimaendringar. Global oppvarming slår inn, og effekten kan sjåast spesielt på fagområda til Schuler og Westermann; kryosfæren – henhaldsvis isbrear og permafrost.
Begge dei to kjem frå Seksjon for geografi og hydrologi (GeoHyd) som gjer omfattande forskning på kryosfæren; områder på jordoverflata der vatn finnes i fast form, antan i form av isbrear, sno, tele, permafrost og islagt vatn.
Tilpassing til klimaendringar
Rapporten er utarbeida for å gi basiskunnskap for klimatilpassingar på Svalbard. Den inneheld både historiske data, og klimaprojeksjonar for ulike scenario for utvikling i atmosfære, hydrosfære, kryosfæren og havet i framtida.
Den omhandlar klimaets påvirkning på fysiske natur slik som permafrost og ulike typar jordskred og snoras.
Den viser at Svalbard vert varma opp; frå ein gjenomsnittstemperatur på -8,7 grader i perioden 1971-2000 for heile øygruppa, har det vorte 3-5 grader varmere i årsgjennomsnitt i perioden 1971 til 2017.
Rapporten er utarbeida av Norsk klimaservicesenter (KSS) på oppdrag frå Miljødirektoratet., og kan lastast ned frå Miljødirektoratets websider.
Rapport:
Climate in Svalbard 2100, Miljødirektoratet, rapport (M-1242) no. 1/2019
Kategorier
Aktuelt
Mest lest siste syv dager
Feil!
Forespørsel om mest lest returnerte en feilmelding.